Innlegg ved Erla Løvseth til bystyremøte 25. mars 2015
Ordfører,
Byluftlisten har tidligare tatt opp dette emnet i bystyret vedrørande ei spesifikk tomt i Vaskerelven.
Det er lite ønskjeleg at branntomter og andre tomter i sentrumskjerna skal stå ubrukt, av fleire grunnar. For det første er det eit enormt behov for fleire bustadar sentralt, og då er det kun logisk at me prioriterer ubebygde eksisterande sentrumstomter.
For det andre er det den visuelle opplevinga av byen. Ubebygde tomter som brukast som parkeringsplass eller berre ingenting er visuelt skjemmande, og ikkje verdig Bergen by.
I forbindelse med bustadsutstillinga i 2004 vart det i samarbeid med Miljøverndepartemenetet utført ei kartlegging av ubrukte tomter i Bergen sentrum; Møhlenpris til Store Lungegårdsvann, Byporten og Bontelabo. Nokre av tomtene er bebygd i dag, men etter det Byluftlisten har rekna ut er det framleis opp mot 90.000 kvadratmeter i Bergen sentrum som står ubebygd, opp mot 85.000 kvadratmeter som vart karakterisert som mogleg for fortetting vert i dag brukt til flateparkering for eit fåtal privatbilar.
Byluflisten ønskjer å gjere bystyret oppmerksomme på at heile havna på Nøstet tilsvarar ca 170.000 kvadratmeter. Det er altså ubrukte bustadtomter tilsvarande halve havna i sentrum i dag.
Ei stor hindring for utviklinga av desse tomtene er dei urimelege krava til parkeringsplassar me har i dag. I utkastet til kommunenplanens samfunnsdel står det; “Revisjon av parkeringsbestemmelsene for senterområdene vil skje i arbeidet med kommuneplanens arealdel” (s. 33). Det bør skje slik at minimums parkeringsnorm vert heilt fjerna i sentrum og fortettingsområde, og settast lavt i resten av kommunen. Då vert det mogleg med utbygging av veldig mange tomter i sentrum.
Ein treng ikkje eige eigen bil i sentrum, og mange ønskjer å vere bilfrie. Då er det meiningslaust å stille umoglege krav til utbygger om parkering på små tomter. Me støtter difor fellesforslaget, og ser fram til vidare diskusjon om parkeringsnorm i kommuneplanens arealdel.