Dette er ein viktig plan. Dette har ikkje berre med estetikk og velvere å gjere, men at Bergen skal opplevast som ein triveleg by og ein god stad å vere. Me vert fleire bergenserar, og me ønskjer at dei skal bu tett. For at Bergen sin byutviklingsstrategi, med fortetting langs kollektivårer, skal fungere, er det avgjerande at folk ønskjer å bu i urbane område. Leiligheten i byen må bli den nye bustaddraumen. Draumen om einebustad, bil og hage er ikkje berekraftig, verken for det globale eller lokale miljøet. For at folk skal velje byen, må byen opplevast som attraktiv. Difor er grøntmiljøplanen viktig.
Byluftlisten vil trekke fram to sentrale tema:
Parsellhagar og leikeplassar for born.
I planen står det at ved bruk av parsellhagar får folk utan eigne hagearal moglegheit til å dyrke frukt og grønt til eige bruk. Det fungerer òg som treffstad mellom naboar som integrerer unge og gamle, innvandrar og lokale, i gode lokalsamfunn. Bærekraftig liv på Landås har òg eit prosjekt med urban dyrking i matskog, noko som kan skape dei same gode konsekvensane som parsellhagar. Parsellhagar gjer at draumen om hage er mogleg, også om du har leilighet. Det er difor eit viktig tema for ein grøntmiljøplan i ein by, og me vil understreke at arbeidet med å kartlegge og sikre areal til parsellhagar er viktig, og bør prioriterast. Kommunen skal oppleves som en samarbeidspartner for folk som vil drive og utvikle parsellhager og urban dyrking.
Og så til borna. I byar over heile Europa har ein i dei seinare åra omforma parkareal og plener for å gje borna betre høve for leik. Ein beveger seg bort frå ideen om at grøntareala først og fremst har estetisk verdi, og viser samtidig tydeleg at ein ønskjer borna velkomen i byane. “Barnas grøne akse” som skal betene den mest sentrale delen av Bergen med leikeanlegg, kan endrast til å legge meir vekt på leik. Byluftlisten fremmer difor følgjande merknad:
“Bystyret registrerer at det i dag finst ein “barnas grøne akse” i Bergen sentrum, men at denne ikkje er dimensjonert for stor aktivitet. Dessutan består aksen av fleire installasjonar kor ein kan seie at leik i beste fall har ein sekundær funksjon. Bystyret ber difor byrådet planlegge større leikeanlegg med god kapasitet for born og ungdom i sentrum, med leik som hovudfunksjon”.
Forøvrig ser grasplenene i Byparken og i Teaterparken ut til å vere særleg godt eigna for leikestativ, om desse vert utforma med høge krav til design og stadstilpassing.