Spørsmål ved Erla Løvseth til bystyrets møte 28. mai 2015.
For tida pågår det intensiverande arbeid òg i sentrumsnære bydelar for å fjerne bosspann frå gateplan. Det er positivt, men i mange tilfelle er bygardane så trange at det ikkje er plass til så mykje meir en eit spann i bakgangane. Det går utover mellom anna sykkelparkering.
Ei mogleg løysing er å gjere om eit par parkeringsplassar i alle sentrumsnære kommunale bustadparkeringshus til sykkelparkering. Det er plass til mange syklar per parkeringsplass for bil. Det gjer det òg lettare for familiar som ønsker å investere i transportsyklar som erstatning for bil, men som rett og slett ikkje har plass i gamle gardar og trehus.
Kva tenker byråden om eit slikt prosjekt, og er det noko byråden ønsker å ta initiativ til?