Byluftlistens innspill om fremtidig godshavn

Et synlig røyklag legger seg over Bergen. Utslippene kommer fra bulkbåten UBC Cork

Utslipp fra bulkbåten UBC Cork i oktober 2013. Bildet er hentet fra BT TV.

Byluftlisten har akkurat sendt inn en høringsuttalelse til Hordaland Fylkeskommune om hva som bør vektlegges når ny godshavn skal utredes. Byluftlisten har programfestet at havnen bør ligge utenfor giftlokkområder, og har arbeidet for landstrøm for skip i Bergen havn.

“Regional plan for framtidig lokalisering av godshamn i Bergensområdet” – Høyring av revidert planprogram frå Byluftlisten

Vi viser til høyringsforslag til revidert planprogram for “Regional plan for framtidig lokalisering av godshamn i Bergensområdet” med høyringsfrist 23. desember. I det følgjande er Byluftlisten sine innspel til planprogrammet.

Byluftlisten er ei lokal valliste som vart skipa i 2010 og har vore representert i bystyret i Bergen sidan 2011.

  • Planen generelt

Utslepp til luft frå aktivitet i hamna er ei viktig årsak til redusert luftkvalitet i Bergensområdet. For å lukkast med å regulere utsleppa og byggje ein infrastruktur som kan svare på desse utfordringane er det viktig med langsiktig planlegging. Vi meiner difor det er positivt at det vert utarbeida ein framtidig plan for hamnelokalisering i området.

 

For å redusere utsleppa frå hamna er landstraum eit potensielt tiltak. Dette har lenge vore under planlegging til hamna i Bergen, men er framleis ikkje realisert. Dagens planar omfattar kun eit mindre pilotanlegg. For å kunne realisere eit større anlegg vil det komme store utgifter til utbygging av infrastruktur. Ei avklaring om framtidig lokalisering av godshamna vil gjere det mogleg å vurdere det framtidige behovet og potensialet for landstraum. Dersom ein vel lokalisering av godshamna utanfor Bergen sentrum vil det frigjere gode tomter for bustader og arbeidsplassar. Det frigjorte arealet vil opne for fortetting og mindre  transport, som igjen vil kunne vere postitivt for bylufta. For å kunne starte arbeidet med å vurdere bruk av desse områda vil det vere viktig å få avklart lokaliseringa av hamna. Ein tydeleg prosess som fører til ei snarleg avklaring på lokaliseringsspørsmålet er difor ønskjeleg.

 

  • Konsekvensutgreiing

For Byluftlisten er det viktigaste temaet korleis dei ulike alternativa vil påverke luftkvaliteten i byen. Det kjem an på fleire spørsmål, som alle bør utgreiast som del av konsekvensutgreiinga.

  • Vare- og godsstruktur er nemnt som utgreiingstema og vil vere veldig viktig for å vurdere i kva grad flytting av hamn vil føre til meir eller mindre godstransport på veg i byen. Her må ein nytte eit realistisk bilete av vegnettet i framtida. Det er viktig at ei slik utgreiing er detaljert nok til å vurdere trafikkvekst eller -reduksjon i dei delane av byen som har utfordringar med luftkvaliteten.
  • Forureining til luft er også nemnt som tema. Her er det viktig at utslepp til luft frå skip som ligg til hamn er inkludert i analysen. Vidare vil det vere viktig å samle data om utslepp frå person- og godstrafikk til og frå dei ulike lokaliseringsalternativa. Her gjeld som i punktet over, at kjeldene må vere detaljert nok skildra til å kunne gje eit bilete av venta endring i luftkvalitet i utsette delar av byen.
  • Topografi påverkar graden av opphoping og spreiing av luftforurensning, og bør difor også vere ein faktor når alternativa skal samanliknast. Til dømes er tronge dalar særs sårbare for inversjon midtvinters.
  • Å flytte delar eller heile hamneaktiviteten ut av dei indre delane av Bergen hamn vil frigjere tomteareal som kan nyttast til fortetting. Konsekvensutgreiinga bør gje eit estimat på kor store areal som vil kunne frigjerast og potensiell bruk av områda.
  • Utsleppa frå skip i Bergen indre havn er i dag ei utfordring for luftkvaliteten i  byen og eit bidrag til helseskadeleg luft somme dagar. Dersom framtidig lokalisering av godshamna vil vere der ho er i dag, vil det vere naudsynt å byggje ut tilstrekkeleg infrastruktur til å forsyne skipa med landstraum. Kostnader og andre konsekvensar av eit fullskala landstraumanlegg bør difor vere del av konsekvensutgreiinga for alternativa som inkluderer indre Bergen havn.

 

På vegne av Byluftlisten,

Endre Tvinnereim

Gruppeleiar

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s